Seiersvante serieleiarar kom over Furland med stor heiagjeng og tok kommandoen frå start. Eit brent straffespark til gjestane, som gjekk utanfor, var likevel det næraste dei gule kom skåring. Vestnes Varfjells «bortkomne son», Tommy Kanishi vart felt. Mållaust ved pause. Vestnes Varfjell kom betre med etter kvilen i dei nye garderobene ved stadion, men gjestane skåra først. Innbyttar Ken Robin Hildre var både dyktig og heldig då han flikka ballen i mål frå første stolpe etter ein corner. Vestnes Varfjell kjempa på for utlikning og det var tydeleg at Tomrefjord no måtte kjempe for å halde unna. Eit par skremmeskot kom før Lange Male sette ballen i nettaket til ellevill jubel. Male vart flytta fram på slutten og var først på returen etter eit skot frå Tor- Bjarne Salte. Dommar la til heile 12 minutt på grunn av skader. Tomrefjords Taklo hadde eit skot oppå tverrligsren, menheimelaget hadde sjansar til å ta alle poenga. Uansett eit fortent poeng, og laget skal vere stolte av innsats og prestasjon i denne kampen som første lag til å ta poeng frå serieleiaren. Rundt 400 tilskuarar hadde møtt opp til klassisk lokalderby i flott haustvêr denne fredagskvelden. hentet fra Varfjell.no |