Vestnes Varfjell forsvarte seg godt anført av kaptein Ørjan Tangen og var nære å sikre seg årets første seier fredag. Magnus Nerheim sendte heimelaget i førings etter ein god start, men Malmefjorden tok etter kvart over. Vestnes Varfjell sto imot til eit kvarter sto att, då fekk gjestane si fortjente utlikning.

 

I tillegg til Tangen var resten av trebacksrekka med Svein Erik Lange Male og Håkon Kjørvik solide, også målvakt Owen Connor sto godt. Framover vart det etter kvart for mange balltap og tapte duellar.

 

Amund Stavem sesongdebuterte etter pause og viste med overblikk, pasningsfot og dribleferdigheiter at han blir ein viktig mann framover.

 

Laget: Connor, Kjørvik, Male, Tangen - Nerheim, Skare, Ellingseter, Andreassen - Salte, Stokkeland, Larsen

 

inn: Tomren, Stavem, Olafsen, Lien, Søreng, Forsland

varfjell.no