I helga vart det arrangert lokal minihandballturnering i Vestneshallen for spelarane i 1.-4. klasse. Om
lag 45 deltakarar var i aksjon og det var lite å utsetje på innsatsen og spelegleda. Dei har ikkje spelt
ein einaste ordinær kamp for heile sesongen og gleda var dermed stor over å få på seg drakt og vise
foreldra kva dei har øvd på gjennom vinteren. Arrangementet var inndelt i monge puljar for å
overhalde alle smittevernsreglar, men med god hjelp frå foreldre så kom vi i mål med eit flott
arrangement for borna. Etter kampane vanka flotte premiar og vi må takke sponsorane våre Rema
1000, Sparebanken Møre og Sport 1 Tomra for flotte premiar til alle deltakarane. Denne sesongen
har 2.-4. klasse jenter trena i lag, likeins 2.-4. klasse gutar, men til hausten skal noverande 3. klasse bli
eige lag og starte å spele på kortbane, som er ein mellomting mellom minihandballbane og ordinær
storleik på handballbane. Dette blir spanande og vi får i tillegg ei ny gruppe inn med 1. klassingar. Om
rekrutteringa fortset i dette tempoet treng vi enno fleire foreldre som både trenarar og
hjelpetrenarar, det er både sosialt og veldig kjekt å vere med i trenarteamet, og ikkje minst å få sjå
utviklinga deira og gleda dei viser på trening. Vel møtt til handballsesongen 21/22!

Skrevet av Stine Misund Fiksdal

22.03.2021