G16 møter Molde 2 i siste kamp i grunnspelet tirsdag kveld. Avspark i Vestnes idrettspark er klokka 19.

Resultata så langt har vore

  • Vestnes Varfjell - Elnesvågen/Bryn/Bud 1-1 (Daniel Gravdehaug)
  • Træff - Vestnes Varfjell 14-1 (Christer Enger)
  • Vestnes Varfjell -mÅndalsnes/Isfjorden/Langfjorden/Måndalen 0-8
  • Rival - Vestnes Varfjell 4-2 (Christer Enger 2)
  • Vestnes Varfjell - Molde 1 0-3* (Molde vinner på walk over)
  • Vestnes Varfjell - Eide 1-4 (Eirik Crispim Tomren)

Mot Eide kom laget under 0-2 på to frispark-mål. Eide var best, men det vart esktra vanskeleg å få poeng då kaptein Cédric Andreassen vart utvist like før slutt. Likvel makta laget å redusere ein gong før Eide skåra to gongar til på slutten.