Søndag 5.Mars spela j13 to kampar på Sunnmøre. Først ute var Langevåg i Sulahallen. Ein jevn førsteomgang med mykje stang ut for begge lag endte 7-3 til pause. Jentene våre starta med friskt mot i andre omgang, noko utbytting av spelarar hos motstandaren var dessverre med å punktere kampen. Nivået jevna seg ut att mot slutten i kampen som endte 24-7. Me forflytta oss til Rørstadmarkahallen der laget til Fiskarstrand venta. Det vart ein jevn førsteomgang med godt forsvar og angrepsspel. Me låg under 8-6 til pause. Me mista litt piffen i andre omgang, få innbyttarar og to kampar i to forskjellige hallar på same dag kan vere slitsomt for ein kvar. Stillinga endte til slutt 17-13.

 

Anita Nyhagen