Fredag 10. Februar besøkte J13 tabelljumbo Skodje. Veldig bra førsteomgang for vår sin del. Jentene var meir samspilt enn nokon gong, og gjekk velfortjent til pause med stillinga 4-11. Andre omgang starta noko treigare med noko slurv frå begge lag. Heimelaget vakna litt og fekk kjapt inn nokre mål til. Alt i alt ein merkelig omgang, der det berre kom inn eitt mål dei siste 15 minutta. Resultatet endte til slutt 11-13 og jentene våre tok med seg sesongens andre seier heim.
Søndag 12. Februar var Sula på besøk i hallen. Me gjekk raskt opp i ledelsen. Lufta gjekk dessverre ut litt tidleg og me gjekk til pause med stillinga 3-9. Kampen bølga litt att og fram gjennom andre omgang. Sula stilte med ein forsvarsmur som til tider var vanskeleg å trenge igjennom, samtidig som me hadde nokre stang ut. Resultatet etter endt kamp vart 12-19 i vår disfavør.
- Anita Nyhagen