Trenar Alexander Connor er fornøgd med opphaldet der laget spelte to kampar mot god motstand frå trøndersk 4. divisjon og gjennomførte ei god treningsøkt.
På vegen nordover vart KIL/Hemne slått 4-3 i Sodvinhallen på Kyrksæterøra. Dagen etter vart det litt for tøft mot NTNUI. Studentlaget, som spelte i 3. divisjon i fjor, vann til slutt 5-0 mot Vestnes Varfjell-spelarar som alt hadde ein kamp og ei trening i beina. Denne kampen vart spelt på Salmar-banen ved Lerkendal.
I tillegg er det sosiale viktig på ein slik tur, med felles middag laurdag kveld som høgdepunkt. Heile stallen på 23 spelarar var med, og alle, med unntak av dei slit med skadar, fekk mykje speletid.
PÅ A-LAGET SI NETTSIDE KAN DU LESE MEIR OG SJÅ BILDEGALLERI FRÅ HELGA