Logg inn

Stor VVIL-tropp på karate kick-off i Oslo

Vestnes Varfjell IL Kampsport var representert med 11 utøvarar, ein dommar og to coachar under kampsportsforbundet sitt karate haust kick-off i Oslo sist helg. Samlinga var i historiske Bjølsenhallen.

Her møttest utøvarar frå heile landet til å lære av kvarandre på eit høgare nivå enn dei oftast har i dei lokale klubbane, trene og øve, og høyre meir om suksess-kriterier for å lykkast på nasjonalt og internasjonalt nivå. Til Oslo var utøvarar frå det tyrkiske landslaget invitert, dei har gjort det skarpt i karate-VM.

Kick-off samlinga begynte fredag med kurs for trenarar og coachar, før teori og praktisk trening heldt fram dei andre dagane. Søndag var det også uttak til Nordisk meisterskap, som er i Kaunas i Litauen i november. Frå VVIL var tre utøvarar førehands kvalifiserte til Nordisk, Julie Kristin og Sara Funie Karadash, og Jeanet Katrin Gjerde, etter at dei nådde finalane i NM individuelt sist.

Sindre You Nilsen vann sin ungdomsklasse under NM, men hadde bursdag rett etter og bytta til høgare aldersklasse. Derfor måtte han gå ny kvalifisering i Oslo no, og klarte det fint. Alle fire er dermed kvalifiserte til Nordisk, og klubben frå Vestnes kan stille med rekordmange deltakarar.

Seinare i september arrangerer VVIL Kampsport det første av haustens regionale stemne, midt-Norsk Cup 1. Det går i Vestneshallen laurdag 28. september med deltaking av ei rekke klubbar i Midt-Norge. Same helga er det såkalla kumite-samling i hallen, som del av kampsportforbundet si satsing på å heve nivået i disiplinen kumite innan karate. Julie Kristin Karadash er engasjert som regional forbundstrenar i kumite, og leiar samlinga.

Geir Stokkeland (tekst & foto).

 

Sist redigertmandag, 02 september 2019 10:09