Logg inn

Karate-gradering i VVIL Kampsport

Det er to årlege graderingar i karate, vår og haust. I år var vår-graderinga i VVIL Kampsport – karate sist helg, 10.-12. mai. For å oversjå graderinga sammen med klubben sine eigne trenarar kom shihan Geir Henriksen frå Oslo. Han har vore aktiv i sporten sidan 1971, og stifta i si tid Norges leiande klubb, Mizuchi Karateklubb i Oslo. Han reiser landet rundt som instruktør, og var også hos oss i 2017.

Å gradere vil seie at ein viser fram det ein har lært siste halvåret i kata (mønster) og kumite (fighting), kor mykje flinkare ein har blitt, og blir gradert til eit høgare nivå med ny beltefarge. Denne gong var det 47 utøvarar som stile til gradering i Vestneshallen. Klubben nærmar seg no 70 aktive utøvarar, og markerer seg jamnleg i stemne elles i landet og også utanlands. VVIL kom heim med ei rad medaljar frå NM i Oslo tidleg i vår.

Kvar gruppe, inndelt etter nivå, hadde først to treningar leia av Geir Henriksen, med den offisielle graderinga på søndagen. Mange foreldre og familie var til stades som publikum i hallen.

Geir Stokkeland.

Sist redigerttirsdag, 14 mai 2019 17:53