Logg inn

Midt-Norsk Cup No. 2 i karate, 27-28. april.

Gode Vestnes-resultat under Midt-Norsk i karate

Utøvarane frå Vestnes Varfjell IL Kampsport kom heim med både medaljar og gode minne frå karatestemnet i Levanger forrige helg. Stemnet var det andre i år i serien Midt-Norsk Cup.

Samlinga gjekk over to dagar, laurdag og søndag 27.-28. april. Laurdag med sjølve stemnet, medan det var fokus på trening på søndagen. Rundt 40 aktive deltok, frå klubbar i Rana, Steinkjer, Rørvik, den nystarta arrangørklubben Levanger, Vestnes og Tresfjord. Frå Vestnes var også Mari og Mikail Karadash dommarar, og det var med foreldre som coachar og supportarar.

Vestnes Varfjell IL Kampsport sikra seg seks førsteplassar, tre sølv og tre bronse. Ein av mange lovande talent, Lukas Skålhavn, deltok i sitt aller første stemne, og vann klassen 7-10 år for gutar.

Konkurransen var jamn og nivået høgt. Her var det med fleire utøvarar med lang erfaring både nasjonalt og utanlands. Nokre førebur seg på å vere med i EM og VM i til dømes Romania i sommar, og stemnet i Levanger var difor viktig i oppkøyringa.

Geir Stokkeland.

Sist redigertmandag, 06 mai 2019 12:55
Byger

5°C

Vestnes

Byger

Luftfuktighet: 83%

Vind: 33.80 km/h

  • Rain
    03 Jan 2019 6°C 4°C
  • Byger
    04 Jan 2019 7°C 6°C