Logg inn

VVIL J15 – Elnesvågen 2 - 4-1

Det vart seier 4-1 i siste seriekamp heime mot Elnesvågen sitt førstelag torsdag kveld. Resultatet ved pause var 3-1 etter ein ganske jamnspelt førsteomgang. Vi tok leiinga 1-0 ved Elina Pedersen Hjelvik etter eit gjennomspel der ho sprang frå forsvaret og satte sikkert inn 1-0.
Rett etter avspark scora Elnesvågen slik at vi var like langt. Etter halvtimen fekk vi frispark på 25-30 meter. Rachel Selnes Sæter fann fram storslegga og banka inn 2-1-leiing. Spelet i første omgang bar preg av mange feilpasningar og spelet bølga litt fram og tilbake. Elnesvågen var farlige frampå ved eit par anledningar. Før pause fekk vi ein corner. Etter litt kaos inne i feltet fekk Solveig Tomren Slemmen kontrollert plassert inn 3-1.

Etter pause hadde vi god kontroll på kampen, og vi styrte sikkert inn seieren ved hjelp av kampens store spiller Johanne Vestre som dirigerte og balanserte midtbana på ein bunnsolid måte. Rachel Selnes Sæter og forsvaret tok og full kontroll bakover. Framover på bana var igjen Solveig Tomren Slemmen arkitekten bak mange av angrepa. Martine Haukeberg Klypen fekk æra av å avslutte scoringane med 4-1 midtvegs i omgangen. Solid laginnsats nok ein gong og ei fin avslutning på sesongen.

Bård Olav Hjelvik.