Logg inn

G16 i NM kamp borte mot Brattvåg - 4 mars

Med skrekkblanda fryd reiste Vestnes Varfjell G16 til Brattvåg, for ny NM-kamp.
Etter ei hard økt mot Træff for ein månads tid sidan, hadde vi fremdeles ikkje alle gutane på beina igjen, men den som intet våger, intet vinner, heite det vel, og optimismen var på topp fra både trenere og lagleder. Halv fem i ettermiddag var vi derimot nede i 12 spillbare gutar, og  det begynte egentlig å spøke for heile cupkampen. Men, pytt pytt, til Sunnmøre skulle vi, om so for å gå på eit realt tap.

I motvind og  kulde var det ganske forsagte gutar i 1.omgang.
2 mål vart banka inn av motstanderen, og foreldregruppa på sidelinja var rimelig Sveitte kva gjaldt humøret på arvingene og mulighet for å snu dette i 2.omgang.
Etter pause kom dei marineblå sterkare tilbake, og Torstein slo inn vårt første mål. Etter litt var Torstein igjen i aksjon, og vi fekk ei straffe som Cedric mesterlig slo inn. Då sto det igjen 10 minutt igjen av kampen, og underteikna trudde egentlig at kampen var vår.
Tempoet vart satt betraktelig opp, stresset like så, og det faktum at vi berre hadde 1 mann tilgjengelig på benken, vart kanskje utslagsgivende for dei ti neste minutta. Vi drog på oss eit gulkort, ein av våre gikk i bakken og vart skada, og med eitt var stillinga 4-2 til heimelaget. Ved kampslutt trur eg halve laget vårt hadde dratt på seg både kramper, melkesyre i beina og støle muskler.

Men, Alt i alt, Hederlig og redelig innsats frå samtlige i Varfjell-drakt på Brattvåg stadion i dag, og i dag var ikkje oddsa på vår side, dessverre. Slik er dog fotballen, og om ein måned rullar serien i gang.

Heia Varfjell

Elina Suoma.